Me i Vestprod AS ynskjer alle ein god påske!

11.–16. april reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné i Agder. Turnèen har fått namnet «Påske – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon.» Koret skal ha konsertar i Mandal, Vennesla, Grimstad, Tonstad og Kvinesdal. Før avreise vert det konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 10. april kl. 19.30. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nyare påskesongar.
Vestprod AS stiller med lyd og lysanlegg på heile turnèen.
Helga 05.-06. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. I år har revyen fått namnet «En dag i morgen». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag kl. 19.00 og sundag kl. 16.00, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert avvikla i Framnes Arena.
Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.
22.-23. mars arrangerer Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon Festhelg 25 i Øystese idrettshall. På programmet står familiekonsert, storsamling, konsert med Synnøve Aanensen, gudsteneste og måltid. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg samt storskjerm. Les meir om arrangementet på www.bedehusweb.no.
Laurdag 15. mars det klart for teater- og danseelevane i Ullensvang kulturskule si utgåve av «Skjønnheten og udyret» i Odda Kino. Dette er ei familieframsyning med spenning, romantikk, venskap og kamp. Det vert open framsyning kl. 14.30. I tillegg vert det to skuleframsyningar måndag 17. mars. Vestprod AS er på plass med lys- og lydanlegg.
Sundag 09. mars er det klart for konserten «Fly on the Wings» med Kvammakoret i Øystese idrettshall. På konserten vil koret framføra nokre av dei største høgdepunkta frå Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest. Her vert det i fylgje førehandsreklamen både glitter, allsong, dyktige solistar og musikarar, dans, humor og stor songglede. Dirigent er Ulf Krupka.
Konserten startar kl 18.00. Vestprod AS er på plass med lys og lydanlegg.
Sundag 09. februar er det klart for årets utgåve av UKM (Ung Kultur Møtest) lokalmønstring i Kvam. Arrangementet startar kl. 17.00 i Øystesehallen. Her kan ein få oppleva mange unge talent innan ulike sjangrar. Det vert også pause med kafè.
Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg. Me ynskjer alle deltakarane lukke til under arrangementet!