Me i Vestprod AS ynskjer våre gode samarbeidspartnarar og musikkvener ein god påske!
«Fast som fjell»
12. – 17. april reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné på vestlandet. Turnèen har fått namnet «Fast som fjell – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon.» Koret skal ha konsertar i Veavågen, Aksdal, Sandeid og Bømlo. Før avreise vert det konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 11. april kl. 19.30. Gjennom musikk, tekstlesing/drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nye påskesongar. Koret har spela inn ein ny CD med songane som vert framførte, og denne vert seld etter konsertane.
Vestprod AS stiller med lyd og lysanlegg på heile turnèen.
Klart for Mosaikk!
Sundag 7. april er det klart for Mosaikk i amfisalen på Norheimsund skule. Framsyninga startar kl. 18.00. Kvam kulturskule er arrangør av Mosaikk, som er ei fargerik framsyning med born og unge frå ulike nasjonar. Inspirert av det norske eventyret Dei tre Bukkane Bruse har dei laga Dei tre søstrene Bruse. Måndag og tysdag er det skuleframsyningar same stad.
Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Stig Lundblad-Sandbakk.
Russerevy på Framnes
Helga 06.-07. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. I år har revyen fått namnet «Not meant to be». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag 6. april kl. 19.00 og sundag 7. april kl. 16.30, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert avvikla i Framnes Arena.
Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg, storskjerm og teknikarane Vidar Sangolt, Vidar Stensletten Eik og Andreas Ølfarnes.