Helga 02.-03. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. I år har revyen fått namnet «Skitne rytmiske rørsler». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag 02. april kl. 18.00 og sundag 03. april kl. 18.00, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert avvikla i Framnes Arena.
Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg, storskjerm og teknikarane Vidar Sangolt og Thomas Byrknes.