Laurdag 14. september arrangerer Norheimsund FK årets utgåve av den tradisjonsrike torgdagen i Norheimsund. Det vert mellom anna torghandel, gatekafè og turar med veteranbrannbil. På scenen vert det musikalske innslag med ulike aktørar frå Kvam kulturskule kl. 11.00 og 13.00. Vestprod AS er på plass med lydanlegg.