31. januar-01. februar er det klart for ungdomsarrangementet Link i Øystese bedehus. På programmet står blant anna møte, lovsongskveld og måltid. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg. Les meir om arrangementet på www.bedehusweb.no.

Laurdag 17. januar er det klart for den tradisjonsrike Talentiaden i Framnes Arena i Norheimsund. Arrangementet, som er ein del av Open dag på Framnes kristne vidaregåande skule, startar kl. 20.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.
Denne helga arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 10. januar er det framsyning og fest for tilsette, elevar og føresette kl. 19.00. Elevane skal først visa førestillinga «Rundt neste sving». Deretter er det mat, dans og sosialt samvær.
Laurdag er det ei open framsyning av «Rundt neste sving» kl. 14.30.
Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.