God jul og godt nytt år!

Me i Vestprod AS takkar alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid i 2022! Samstundes ynskjer me alle ei god jul og eit godt nytt år! Etter eit par koronaprega år har det meste gått som planlagt i år, og me har hatt mange kjekke oppdrag! Me ser fram til eit spanande 2023!

Julekonsert i Ullensvang

Fredag 16. desember er det julekonsert i Ullensvang kyrkje, der blant andre Ruben Rainer Espelid, Olve Haugen og Maria Digranes medverkar. Konserten startar kl 18.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Vestprod AS på julekonsertar

Vestprod AS skal denne helga medverka på to ulike julekonsertar. Fredag er det julekonsert med damekoret Fryd, Gullgutane og pianist Torgeir Kinne Solsvik i Norheimsund kyrkje. Konserten startar kl. 19.00.

Sundag er det julekonsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor same stad. Konserten startar kl. 19.30. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg på begge konsertane.