Herborg Kråkevik til Strandebarm

Fredag 28. august er det konsert med Herborg Kråkevik Trio i Strandebarm kyrkje. Konserten er ein del av jubileumshelga til Strandebarm kyrkje, som er 150 år i år.

Konserten startar kl. 19.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Foto: Mona Nordøy

Bygdaskoi i Øystese

Fredag 14. august arrangerer Grannehjelpa i samarbeid med Kvam herad familiefestivalen Bygdaskoi på Kvam ungdomsskule i Øystese. Som ein del av arrangementet vert det blant anna konsert med Jens Brun og de hattemakers og show med Klovnen Curtis.

Vestprod AS er på plass med lydanlegg.

Nytt oppdrag i Lyngdal

Norsk Luthersk Misjonssamband og Indremisjonsforbundet arrangerer ungdomsfestivalen UL26 i Lyngdal i perioden 21.-25. juli. Under arrangementet er det blant anna møte, konsertar og seminar. Vestprod AS er på plass med lydanlegg, lysanlegg og storskjerm på to av scenane under arrangementet.

Dette er første gong me leverer tenester til UL. Arrangementet startar to dagar etter at Lyngdal Bibelcamp – der me leverer tenester for tiande gong – vert avslutta same stad.

Midtsommarkonsert i Odda

Laurdag 20. juni er det klart for utekonsert med Internasjonalt kor på Lothepus Camping i Odda. Koret stiller med band, og lovar både kjente låtar, allsong og bålkos.

Konserten startar kl. 19.00. Vestprod AS er på plass med lydanlegg.

Vestprod AS leverer lyd og lys til Hardingtonar 2026

Helga 12.-14. juni er det klart for årets utgåve av musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Tradisjonen tru skal Vestprod AS levera lyd og lys til festivalen. 

Me ser fram til ei hektisk og spanande helg, der me skal levera tenester til ni ulike arrangement under festivalen. På konsertane me er involverte i kan du oppleva blant andre Bergen Filharmoniske Orkester, Jan Eggum med band og trioen Hildegunn Riise, Lars Klevstrand og Håvard Gimse.

Vestprod AS med lyd på 17. mai-feiringa i Norheimsund og Øystese

Det nærmar seg 17. mai, og tradisjonen tru skal Vestprod AS sørga for lyd på 17. mai-feiringa både i Norheimsund og Øystese.

I Norheimsund stiller Vestprod AS med lyd ved minnesmarkering på Straumhaugen, når toget stoppar ved Toloheimen og under folkefesten i Norheimsund idrettshall.

I Øystese skal me sørga for lyd når toget stoppar ved Mikkjelsflaten og kyrkja og under folkefesten i Øystesehallen.

Vestprod AS ynskjer alle ein god 17. mai!

Refuel Weekend 26

Helga 10.-12. april er det klart for Refuel Weekend 26 i Hjeltefjorden Arena i Rong i Øygarden. På programmet står blant anna underhaldning, gudsteneste og konsert med Lin D. Kompani Lauritzen-aktuelle Thor Haavik medverkar også. Vestprod AS er på plass med lysanlegg, lydanlegg og storskjerm. Produksjonen blir levert i samarbeid med Ura Lyd.