Vestprod AS leverer lyd, lys og storskjerm til Lyngdal Bibelcamp

Grunna koronasituasjonen har Vestprod AS vore gjennom ein svært stille periode med ei rekkje avlyste oppdrag, og berre nokre få mindre oppdrag har blitt gjennomførte. No er det endeleg klart for eit større arrangement igjen! Det skjer når Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 29. juni. -26. juli. Koronasituasjonen vil setja sitt preg på arrangementet. Det blir til dømes ingen konsertar, men det vert møter og bibeltimar. Medverkande er blant andre Familien Sulebakk og Gutta.

Som dei tre føregåande åra har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar for at IMF nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!