Russerevy på Framnes

Helga 21.-22. mars er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag kl. 18.00 og sundag kl. 16.00, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert avvikla i Framnes Arena.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Alice i draumeland

Fredag 13. og laurdag 14. mars set Kvam kulturskule opp Alice i draumeland i Øystesehallen. Det vert framsyningar fredag kl. 17.30 og 20.30 og laurdag kl. 14.00. Skodespelarar, dansarar og musikarar frå Kvam kulturskule medverkar. Vestprod AS er på plass med lyd- og lysanlegg.

KonfACTION Vest

21.-24. februar arrangerer KRIK (Kristen idrettskontakt) konfACTION Vest på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. KonfACTION Vest er ein konfirmantleir med blant anna aktivitetar og møte. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

UKM i Norheimsund

Sundag 15. februar er det klart for årets utgåve av UKM lokalmønstring i Kvam. Arrangementet startar kl. 17.00 i Norheimsund idrettshall. Her kan ein få oppleva mange unge talent innan ulike sjangrar. Det vert også pause med kafè.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg. Me ynskjer alle deltakarane lukke til under arrangementet!

Noko kjem til å koma!

23. og 24. januar arrangerer Kultursamskipnaden Lått Kvammarevyen «Noko kjem til å koma!» på Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Både dei to ordinære framsyningane og ekstraframsyninga er utselde. Det same er billettane som vart lagt ut til generalprøven i kveld.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Talentiade i Framnes Arena

Laurdag 17. januar er det klart for den tradisjonsrike Talentiaden i Framnes Arena i Norheimsund. Arrangementet, som er ein del av Open dag på Framnes kristne vidaregåande skule, startar kl. 20.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Vinterfest 2026

Denne helga arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 09. januar er det framsyning og fest for tilsette, elevar og føresette kl. 19.00. Elevane skal først visa ei eigenprodusert førestilling. Deretter er det mat, dans og sosialt samvær.

Laurdag 10. januar er det ei open framsyning av førestillinga kl. 14.00.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

God jul og godt nyttår!

Me i Vestprod AS takkar alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid i 2025! Samstundes ynskjer me alle ei god jul og eit godt nytt år! Me ser fram til eit spanande 2026!

Me minner elles om at dei to jule-CD-ane «Den store romjulsdraumen og «Den store romjulsdraumen 2» er å finna på Spotify og YouTube. Dette er CD-ar som me gav ut i 2005 og 2008, medan firmaet vårt heitte Gloria AS. På CD-ane framfører diverse kvammaartistar sine versjonar av ulike julesongar. Søk opp «Den store romjulsdraumen» og du kan oppleva artistar som Frank Kjosås, Åsne Valland Nordli, Kvammakoret og Trionor!

Link til den første CD-en på Spotify finn du her

Hugsamklang i Øystese

Torsdag 18. desember er det klart for julekonsert med Hugsamklang i Øystese kyrkje. Hugsamklang består av Sindre Kjosås, Harald Kjosås, Ingve Kjosås og Martin Ulltang.

Konserten – som er utseld – startar kl 20:00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Julekonsert

Torsdag 11. desember er det klart for julekonsert med Garness i Norheimsund kyrkje. Den populære duoen består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg som gjester har dei Norheimsund og Øystese ungdomskor. Konserten startar kl. 19.30. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.