Helga 27.-29. mai er det klart for Refuel Weekend 22 i Rong Kulturhus i Rong i Øygarden. På programmet står blant anna underhaldning, seminar og gudsteneste. Vestprod AS er på plass med lysanlegg, lydanlegg, storskjerm og teknikar Vidar Sangolt. Produksjonen blir levert i samarbeid med Vegard Voldsund i Ura Lyd.
Fem oppdrag i løpet av seks dagar
Vestprod AS er inne i ei hektisk veke – med fem oppdrag i løpet av seks dagar. Tysdag hadde me ansvar for lyd på 17. mai-feiringane i både Norheimsund og Øystese (sjå eiga sak).
Torsdag stiller me med lydteknikar under Kvammakoret sin konsert «Slepp mine fløyter fri» i Kabuso i Øystese. På konserten medverkar Kvammakoret med dirigent Olav Skeie Lid samt Sevinj A. Øvrehus på klaver og Bell/Berge på hardingfele og gitar. Konserten startar kl. 19.00.
Fredag stiller me med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt under Garness sin konsert i Salhus kyrkje. Den populære duoen består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Torjus Vierli medverkar på tangentar. Konserten startar kl. 21.30. Dette er ein gratiskonsert, som er ei gåve frå Salhus kyrkje til alle i Hordvik, Salhus, Mjølkeråen og Morvik etter koronatida.
Sundag avsluttar me veka med å vera til stades med lydteknikar under konserten «Vårfryd» i Norheimsund kyrkje. Her medverkar damekoret Fryd, Anne Cathrine Eiken, Gullgutane, pianist Torgeir Kinne Solsvik og saksofonist Arvid Aasprang. Konserten startar kl. 19.00.
Vestprod AS med lyd på 17. mai-feiringa i Norheimsund og Øystese
Det nærmar seg 17. mai, og tradisjonen tru skal Vestprod AS sørga for lyd på 17. mai-feiringa både i Norheimsund og Øystese.
I Norheimsund stiller Vestprod AS med lyd ved minnesmarkering på Straumhaugen, på haldeplassen før toget startar, når toget stoppar ved Toloheimen og under folkefesten i Norheimsund idrettshall. Teknikar er Vidar Sangolt.
I Øystese skal me sørga for lyd når toget stoppar ved Mikjelsflaten og kyrkja og under folkefesten i Øystesehallen. Teknikar er Vidar Stensletten Eik.
Vestprod AS ynskjer alle ein god 17. mai!