God jul og godt nytt år!

Me i Vestprod AS takkar alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid i 2020! Samstundes ynskjer me alle ei god jul og eit godt nytt år! Me ser fram til eit spanande 2021 – vonleg med mindre virus og fleire arrangement enn i år!

Julekonsert frå Mo kyrkje

Laurdag 12. desember vert det streama julekonsert frå Mo kyrkje med lokale songarar og musikarar frå Modalen. Mo sokn er arrangør.

Konserten startar kl. 17.00, og Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Du kan sjå konserten her.

Garness i Knarvik

Laurdag 12. desember er det julekonsert med Garness i Knarvik kyrkje. Den populære duoen består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg har dei multiinstrumentalist Christer Slaaen. Koronarestriksjonar gjer at det vert to konsertar med plass til femti tilhøyrarar på kvar av dei.

Konsertane startar kl. 18.30 og 21.00, og Vestprod AS er på plass med lysanlegg samt lysteknikar Thomas Byrknes.