Russerevy på Framnes

Helga 13.-14. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. I år har revyen fått namnet «Kjærlighet ved andre blikk». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag 13. april kl. 18.00 og sundag 14. april kl. 15.30, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert avvikla i Framnes Arena.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

«Påske – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon»

22. – 26. mars reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné i Rogaland og Vestland. Turnèen har fått namnet «Påske – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon.» Koret skal ha konsertar i Skånevik, Aksdal, Sandeid og Fitjar. I tillegg deltek dei på gudsteneste i Haugesund. Før avreise vert det konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 21. mars kl. 19.00. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nyare påskesongar.

Vestprod AS stiller med lyd og lysanlegg på heile turnèen.

Garness i Norheimsund kyrkje

Fredag 15. mars er det klart for påskekonserten «Gåten om korset» med Garness i Norheimsund kyrkje. Den populære duoen består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg har dei både band og koret Reedemed.

Konserten startar kl. 19.30, og Vestprod AS er på plass med lysanlegg.

KonfACTION Vest

24.-27. februar arrangerer KRIK (Kristen idrettskontakt) konfACTION Vest på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. KonfACTION Vest er ein konfirmantleir med blant anna aktivitetar og møte. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Vestprod AS med lyd og lys på UKM

Sundag 11. februar er det klart for årets utgåve av UKM (Ung Kultur Møtest) lokalmønstring i Kvam. Arrangementet startar kl. 17.00 i Øystesehallen. Her kan ein få oppleva mange unge talent innan ulike sjangrar. Det vert også pause med kafè.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg. Me ynskjer alle deltakarane lukke til under arrangementet!

Link i Øystese

Helga 02.-04. februar er det klart for ungdomsarrangementet Link i Øystese bedehus. På programmet står blant anna møte, underhaldning og kafè. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarar. Les meir om arrangementet på www.bedehusweb.no.

Talentiade i Framnes Arena

Laurdag 20. januar er det klart for den tradisjonsrike Talentiaden i Framnes Arena i Norheimsund. Arrangementet, som er ein del av Open dag på Framnes kristne vidaregåande skule, startar kl. 20.00. Vestprod AS er på plass med lydanlegg og lysanlegg.

«Barbie blir bygdis»

Denne helga arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 12. januar er det framsyning og fest for alle tilsette og elevar med føresette kl. 19.00. Elevane skal først visa førestillinga «Barbie blir bygdis». Deretter er det mat, dans og sosialt samvær.

Laurdag er det ei open framsyning av «Barbie blir bygdis» kl. 14.30.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.