Link i Øystese

Helga 06.-08. november er det klart for ungdomsarrangementet Link i Øystese bedehus. Ungdomsklubben Origo er arrangør. På programmet står blant anna talkshow, møte og kafè. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarar.

Tore Renberg i Norheimsund – AVLYST

Denne veka arrangerer frivilligheitssentralen Grannehjelpa Kvammaveko, som er eit årleg arrangement med fokus på psykisk helse. Som ein del av årets veke vitjar Tore Renberg Norheimsund med førestillinga «En kveld med Tore Renberg». Det vert to førestillingar i biblioteket i Norheimsund – ei torsdag 1. oktober kl. 19.00 og ei fredag 2. oktober kl. 13.00.

Renberg er ein av Noregs mest leste forfattarar. Han er også musikar, og kjem snart med sitt tredje soloalbum. Med seg til Norheimsund har han gitarist Alexander Flotve.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

NB. Arrangementet vart avlyst grunna sjukdom

Vestprod AS leverer lyd, lys og storskjerm til Lyngdal Bibelcamp

Grunna koronasituasjonen har Vestprod AS vore gjennom ein svært stille periode med ei rekkje avlyste oppdrag, og berre nokre få mindre oppdrag har blitt gjennomførte. No er det endeleg klart for eit større arrangement igjen! Det skjer når Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 29. juni. -26. juli. Koronasituasjonen vil setja sitt preg på arrangementet. Det blir til dømes ingen konsertar, men det vert møter og bibeltimar. Medverkande er blant andre Familien Sulebakk og Gutta.

Som dei tre føregåande åra har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar for at IMF nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!

God 17. mai!

Me i Vestprod AS ynskjer våre gode samarbeidspartnarar og musikkvener ein god 17. mai!

«Naboen min» i Modalen

Laurdag 15. februar arrangerer Mo sokn konsert med «Naboen min»  i Bryggjeslottet i Modalen. Duoen består av Bjørnar Sangolt og Vegard Markhus. Bjørnar har spela med blant andre Trygve Skaug og St Morritz, medan Vegard har gjeve ut fleire bøker og motteke Nynorsk Barnelitteraturpris. Med seg til Modalen har dei musikarane Eirik Utne og Einar Olsson. Saman skal dei framføra musikk frå barneplata «Rockesock», som «Naboen min» fekk spellemannspris for i fjor.

Konserten startar kl 14.00, og Vestprod AS leverer lyd- og lysproduksjon med teknikarane Vidar Sangolt og Vidar Stensletten Eik.

«Søskena Dal på nye eventyr»

Denne helga arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 10. januar er det framsyning og fest for alle tilsette og elevar med føresette kl. 19.00. Elevane skal først visa musikalen «Søskena Dal på nye eventyr». Deretter er det lotteri, mat og dans.

Laurdag er det ei open framsyning av «Søskena Dal på nye eventyr» kl. 15.00

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt begge dagar. I tillegg hjelper fleire av elevane til med den tekniske delen.

 

God jul og godt nytt år!

Me i Vestprod AS takkar alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid i 2019! Samstundes ynskjer me alle ei god jul og eit godt nytt år! Me ser fram til eit spanande 2020!

 

Garness i Knarvik

Laurdag 21. desember er det julekonsert med Garness og ein hemmeleg gjest i Knarvik kyrkje. Den populære duoen består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg har dei eit band beståande av Torjus Vierli, Thomas Gallatin og Tor Egil Kreken.

Konserten startar kl. 19.00, og Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg samt systemteknikar Vidar Sangolt.