Julekonsert i Ullensvang

Fredag 16. desember er det julekonsert i Ullensvang kyrkje, der blant andre Ruben Rainer Espelid, Olve Haugen og Maria Digranes medverkar. Konserten startar kl 18.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Vestprod AS på julekonsertar

Vestprod AS skal denne helga medverka på to ulike julekonsertar. Fredag er det julekonsert med damekoret Fryd, Gullgutane og pianist Torgeir Kinne Solsvik i Norheimsund kyrkje. Konserten startar kl. 19.00.

Sundag er det julekonsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor same stad. Konserten startar kl. 19.30. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg på begge konsertane.

Tre nøtter til Askepott

Torsdag 24. og fredag 25. november er det klart for framsyningar av Kvam kulturskule si utgåve av Tre nøtter til Askepott i Norheimsund idrettshall. Nær 70 aktørar – skodespelarar, dansarar, songarar og instrumentalistar – skal på scenen. Det vert framsyningar torsdag kl. 18.00 og fredag kl. 17.00 og 19.30. Vestprod AS er på plass med lys- og lydanlegg.

Klikk for stort bilete

Link i Øystese

Helga 04.-06. november er det klart for ungdomsarrangementet Link i Øystese bedehus. På programmet står blant anna møte, underhaldning og kafè. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarar. Les meir om arrangementet på www.bedehusweb.no.

Jubileumskonsert i Øystese

Laurdag 01. oktober markerer Hardanger Big Band at dei rundar 35 år med jubileumskonsert i Øystesehallen. Med seg har dei konferansièr Øyvor Bakke og solistane Frank Kjosås, Gisle Torvik, Jens Wendelboe og Nina Pedersen. Musikalsk leiar er Arild B. Nielsen.

Konserten startar kl. 18.00, og Vestprod AS er på plass med lysanlegg og lysteknikar Vidar Sangolt.

hbb.jubileumskonsert.gif

Vestprod AS leverer lyd, lys og storskjerm til Lyngdal Bibelcamp

Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 04. -31. juli. Under campen er det møte, bibeltimar og konsertar. Medverkande er blant andre Sveinung Hølmebakk, Jarle Waldemar og Justified.

For sjette gong har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar for at IMF nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!

Ketil Bjørnstad i Strandebarm

Laurdag 25. juni held musikar og forfattar Ketil Bjørnstad eit musikalsk føredrag om målaren Edvard Munch i Strandebarm kyrkje. Arrangementet er ein del av Kinck-dagane 2022, som vert arrangert i Strandebarm 24.-25. juni.

Føredraget startar kl. 13.00, og Vestprod AS er på plass med lydanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

Vestprod AS leverer lyd og lys til Sommarens Storsamling!

Helga 17.-19. juni arrangerer Indremisjonssamskipnaden Sommarens Storsamling i Framnes Arena i Norheimsund. Under samlinga vert det blant anna møte, årsmøte og konsert.

Vestprod AS er på plass som leverandør av lyd og lysproduksjon samt storskjerm.

Me takkar Indremisjonssamskipnaden for oppdraget, og ser fram til ei spanande helg!

Vestprod AS leverer lyd og lys til Hardingtonar 2022!

Etter to år utan Hardingtonar grunna korona er musikkfestivalen i Norheimsund endeleg tilbake. Årets utgåve av musikkfestivalen vert arrangert 09.-12. juni. Tradisjonen tru skal Vestprod AS levera lyd og lys til festivalen. Me ser fram til ei hektisk og spanande helg, der me skal levera tenester til åtte ulike arrangement under festivalen. På konsertane me er involverte i kan du oppleva blant andre Bergen Filharmoniske Orkester, Silje Nergaard, Sigrid Moldestad og Naboen min.

Lite%20bilete