Oakes/Bews/Thorpe i Kinckløa

Fredag 6. september arrangerer Felemakarscenen konsert med OBT i løa på Kinckgarden i Strandebarm. Den skotske trioen består av gitaristen og fløytisten Tom Oakes og felespelarane Daniel Thorpe og Jon Bews. Trioen har turnert heile verda i år, og no kjem dei altså til Strandebarm.

Konserten startar kl 19:00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

Vestprod AS leverer lyd, lys og storskjerm til Lyngdal Bibelcamp

Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 01. -28. juli. Under campen er det møter, bibeltimar og konsertar. Medverkande er blant andre Divisi, Jarle Waldemar, Familien Sulebakk og Gutta.

Som dei to føregåande åra har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar for at IMF nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!

Vestprod AS leverer lyd, lys og kameraproduksjon til Sommarens Storsamling!

Helga 21.-23. juni arrangerer Indremisjonssamskipnaden Sommarens Storsamling i Stord idrettspark. Under samlinga vert det blant anna møter, årsmøte og konsertar.

Vestprod AS er på plass som leverandør av lyd, lys og kameraproduksjon for storskjerm. Fire mann skal vera i sving for oss; Vidar Sangolt, Vidar Stensletten Eik, Andreas Ølfarnes og Ole Markus Løkhammer.

Vesprod AS takkar Indremisjonssamskipnaden for oppdraget, og ser fram til ei spanande helg!

Vestprod AS leverer lyd og lys til Hardingtonar 2019!

I dag starta årets utgåve av musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Festivalen varar til og med sundag. Tradisjonen tru skal Vestprod AS levera lyd og lys til festivalen. Me ser fram til ei hektisk og spanande helg, der me skal levera tenester til heile elleve ulike arrangement under festivalen. Seks mann skal vera i sving for Vestprod AS under Hardingtonar; Vidar Sangolt, Gunnar Åsebø, Håvard Markhus, Asbjørn Sangolt, Vegard Voldsund og Vidar Stensletten Eik . På konsertane me er involverte i kan du oppleva blant andre Silya, Bergen Filharmoniske Orkester og Trygve Skaug.

Vestprod AS på Refuel Weekend 19

Helga 31. mai.-02. juni er det klart for Refuel Weekend 19 i Hjeltefjorden Arena på Rong i Øygarden. På programmet står blant anna konsert, seminar og gudsteneste.

Vestprod AS er på plass med lysanlegg, lydanlegg, scene, storskjerm og teknikar Vidar Sangolt. Produksjonen blir levert i samarbeid med Ura Lyd og Vegard Voldsund.

Vestprod AS med lyd på 17. mai-feiringa i Norheimsund og Øystese

Det nærmar seg 17. mai, og tradisjonen tru skal me ha lyd på 17. mai-feiringa både i Norheimsund og Øystese.

I Norheimsund stiller Vestprod AS med lyd på haldeplassen før toget startar, når toget stoppar ved Toloheimen og under folkefesten i Norheimsund idrettshall. Teknikar er Vidar Sangolt.

I Øystese skal me sørga for lyd under minnestunda ved kyrkja, når toget stoppar ved Mikjelsflaten og under folkefesten i Øystesehallen. Teknikar er Vidar Stensletten Eik.

Vestprod AS ynskjer alle ein god 17. mai!

 

God påske!

Me i Vestprod AS ynskjer våre gode samarbeidspartnarar og musikkvener ein god påske!

«Fast som fjell»

12. – 17. april reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné på vestlandet. Turnèen har fått namnet «Fast som fjell – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon.» Koret skal ha konsertar i Veavågen, Aksdal, Sandeid og Bømlo. Før avreise vert det konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 11. april kl. 19.30. Gjennom musikk, tekstlesing/drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nye påskesongar. Koret har spela inn ein ny CD med songane som vert framførte, og denne vert seld etter konsertane.

Vestprod AS stiller med lyd og lysanlegg på heile turnèen.

Klart for Mosaikk!

Sundag 7. april er det klart for Mosaikk i amfisalen på Norheimsund skule. Framsyninga startar kl. 18.00. Kvam kulturskule er arrangør av Mosaikk, som er ei fargerik framsyning med born og unge frå ulike nasjonar. Inspirert av det norske eventyret Dei tre Bukkane Bruse har dei laga Dei tre søstrene Bruse. Måndag og tysdag er det skuleframsyningar same stad.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Stig Lundblad-Sandbakk.