Spellemenn!!

Me i Vestprod AS gratulerer vårt varamedlem Bjørnar Sangolt og bandkollega Vegard Markhus i «Naboen min» med Spellemannspris for årets barneplate for plata «Rockesock»!

Den rykande ferske musikkvideoen, der Vestprod AS bidrog med lysanlegg og teknikar under innspelinga, ser du her.

Les Misèrables i Øystese

Førstkomande helg framfører Kvammakoret deira versjon av musikalen Les Misèrables på Kvam ungdomsskule i Øystese. Det vert førestillingar laurdag 30. og sundag 31. mars kl. 18.00.

I tillegg til koret med solistar deltek Sevinj Asgarova Øvrehus (piano), Lars Sveinung Lid (bass), Jan Tore Næss (trommer) og lesar Arne O. Øystese.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Vidar Stensletten Eik.

«Naboen min» spelar inn musikkvideo

Fredag spelar spelemannsnominerte «Naboen min» inn musikkvideo til tittellåta «Rockesock» frå CD-en med same namn. Duoen består av Bjørnar Sangolt og Vegard Markhus. Innspelinga skjer på Norheimsund skule. Elevane ved skulen skal medverka, noko mange av dei også gjorde då CD-en vart spela inn. Vestprod AS er på plass med lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

Vestprod AS med lyd og lys på UKM

Sundag 17. februar er det klart for årets utgåve av Ung Kultur Møtest (UKM) i Kvam. Arrangementet startar kl. 14.00 i amfisalen på Norheimsund skule. Unge talent vil framføra ni sceneinnslag. I tillegg vert det vist to filmar samt at ein konferansièr bind det heile saman. Nokre av innslaga går vidare til fylkesfestivalen, der nokre igjen går vidare til landsfestivalen.

Vesprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Gunnar Åsebø. Me ynskjer alle deltakarane lukke til under arrangementet!

«Talasso»

Førstkomande helg arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 11. januar er det framsyning og fest for alle tilsette og elevar med føresette kl. 19.00. Elevane skal først visa musikalen «Talasso». Deretter er det lotteri, mat og dans.

Laurdag er det ei open framsyning av «Talasso» kl. 15.00.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt begge dagar. I tillegg hjelper fleire av elevane til med den tekniske delen.

God jul og godt nytt år!

Me i Vestprod as takkar alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid i 2018! Samstundes ynskjer me alle ei god jul og eit godt nytt år! Me ser fram til eit spanande 2019!

Under ser du årets siste bilete på denne sida. Det er frå torsdagens juleavslutning for Norheimsund skule. Idrettshallen var stappfull av tilhøyrarar, og Vestprod AS var på plass med lysanlegg.

Hugsamklang i Øystese

Laurdag 15. og sundag 16. desember er det klart for nye julekonsertar med Hugsamklang i Øystese kyrkje. Hugsamklang består av Sindre Kjosås, Harald Kjosås, Ingve Kjosås og Martin Ulltang. Konserten sundag er allereie utseld, medan det er litt billettar att til laurdagen.

Konsertane startar kl 20:00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

Jul med Gospel Bergen

Laurdag 8. desember arrangerer Gospel Bergen den tradisjonsrike konserten «Jul med Gospel Bergen» i Johanneskirken i Bergen. Konserten startar kl 20:00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg samt lydteknikar Anders Heibø og lysteknikar Thomas Byrknes.

Garness i Bergen og Norheimsund

Fredag 7. desember er det julekonsert med Garness i Johanneskirken i Bergen. Den populære duoen består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg har dei eit band beståande av Torjus Vierli, Thomas Gallatin og Tor Egil Kreken.

Konserten startar kl. 19.00, og Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg samt systemteknikar Vidar Sangolt og lysteknikar Thomas Byrknes.

Dagen etter vert det konsert i Norheimsund kyrkje kl. 19.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg samt system- og lysteknikar Vidar Sangolt.

Frivilligheitas dag i Øystese

5. desember er FN sin internasjonale dag for frivillig arbeid, og frivilligheitssentralen Grannehjelpa markerer dette med eit arrangement i Øystese Idrettshall kl 18. Det vert mellom anna allsong, utdeling av Eldsjelprisen, underhaldning med lokale heltar og gratis kake, kaffi og saft. Festen er gratis og er open for kvemmingar i alle aldrar. Vestprod AS er på plass med lys- og lydanlegg og teknikar Vidar Sangolt.