Hugsamklang i Øystese

Torsdag 18. desember er det klart for julekonsert med Hugsamklang i Øystese kyrkje. Hugsamklang består av Sindre Kjosås, Harald Kjosås, Ingve Kjosås og Martin Ulltang.

Konserten – som er utseld – startar kl 20:00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Julekonsert

Torsdag 11. desember er det klart for julekonsert med Garness i Norheimsund kyrkje. Den populære duoen består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg som gjester har dei Norheimsund og Øystese ungdomskor. Konserten startar kl. 19.30. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Link i Øystese

Helga 14.-16. november er det klart for ungdomsarrangementet Link i Øystese bedehus. På programmet står blant anna møte, konsert, underhaldning og måltid. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg. Les meir om arrangementet på www.bedehusweb.no.

Korkonsert i Øystese

Sundag 26. oktober er det klart for lovsongskonsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor i Øystese kyrkje. På konserten vil koret framføra musikk frå den amerikanske artisten Michael W. Smith. Konserten startar kl. 19.30. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

KvammaLAN 2025 i Øystese

07.-10. oktober arrangerer Kvam E-sport KvammaLAN 2025 i Øystese idrettshall. Det vert mellom anna spel, konkurransar og aktivitetar på dette 72 timar lange datatreffet. Vestprod AS er på plass med lyd- og lysanlegg.

Siderfestivalen i Øystese

3.-4. oktober er det klart for den tradisjonsrike Siderfestivalen i Øystese. Eitt av arrangementa under festivalen er Siderfest i Tankbilhallen i Mathuset i Øystese laurdag 4. oktober. DJ Øyvind Stueland syter for musikken.

Festen startar kl. 21.00, og Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Naboen min på Bygdaskoi

Fredag 08. august arrangerer Grannehjelpa familiefestivalen Bygdaskoi på Kvam ungdomsskule i Øystese. Som ein del av arrangementet vert det konsert med Naboen min, som er ein duo beståande av Bjørnar Sangolt (gitar) og Vegard Markhus (gitar og vokal). Med seg har dei Martin Hystad på trommer og Eirik Utne på bass.

Konserten startar kl 17.00, og Vestprod AS er på plass med lydanlegg.

Vestprod AS leverer lyd, lys og storskjerm til Lyngdal Bibelcamp

Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 30. juni-27. juli. Under campen er det møte, bibeltimar og konsertar. For niande gong har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar IMF for at dei nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!

Vestprod AS leverer lyd og lys til Hardingtonar 2025

Helga 06.-08. juni er det klart for årets utgåve av musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Tradisjonen tru skal Vestprod AS levera lyd og lys til festivalen. 

Me ser fram til ei hektisk og spanande helg, der me skal levera tenester til ti ulike arrangement under festivalen. På konsertane me er involverte i kan du oppleva blant andre Bergen Filharmoniske Orkester, Kim Rysstad og duoen Sigvart Dagsland/Karoline Krüger.