Julekonsert i Norheimsund

Måndag 9. desember kl. 19.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Norheimsund kyrkje. I tillegg til ungdomskoret med solistar og orkester medverkar spellemannsprisvinnarane Naboen min samt Kvam Soul Children. Dette vert ein konsert med både gamle og rykande ferske  julesongar.

Vestprod AS er på plass med lyd- og lysanlegg og teknikar Anders Heibø.

 

Talentiade i Framnes Arena

Laurdag 30. november er det klart for den tradisjonsrike Talentiaden i Framnes Arena i Norheimsund. Arrangementet, som er ein del av Open helg på Framnes kristne vidaregåande skule, startar kl. 20.00. Vestprod AS er på plass med lydanlegg, lysanlegg, storskjerm og teknikarane Vidar Sangolt og Thomas Byrknes.

«Crown Him» i Øystese

Sundag 10. november framfører Norheimsund og Øystese ungdomsskor med band og solistar  «Crown Him – the worship musical» av Graham Kendrick i Øystesehallen.

Musikalen vert også framført i to lukka førestillingar; for dei som var konfirmantar i år og dei som er det neste år i Øystesehallen laurdag og for elevar på Framnes kristne vidaregåande skule på skulen fredag.

Den opne førestillinga sundag startar kl. 18.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Stensletten Eik, Gunnar Åsebø og Andreas Ølfarnes.

 

Fosse-dagane i Strandebarm

Den verdskjende forfattaren Jon Fosse (biletet) kjem frå Strandebarm, og helga 20.-21. september arrangerer Fosse-stiftinga Fosse-dagane i bygda.  Under arrangementa laurdagen er Vestprod AS til stades. Då kan publikum først oppleva poesikonserten Blått stev med Hildegun Riise (diktlesing) frå Strandebarm og musikarane Stein Urheim (gitar)og Benedicte Maurseth (fele). Seinare på kvelden er det konsert med nynorsk-populærmusikkbandet Dei nye kapellanane. Trygve Åslund, Ragnar Hovland og Jørn Mortensen spelar og syng. Jan H. Landro dreg i trådar og syr i saman. Blått stev startar kl. 17 og Dei nye kapellanane kl. 20.
Begge konsertane er i løa på Kinckgarden. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Stensletten Eik.

Torgdag i Norheimsund

Laurdag arrangerer Norheimsund FK årets utgåve av den tradisjonsrike torgdagen i Norheimsund. Det vert mellom anna torghandel, gatekafèrar, hesteskyss, turar med Rib og veteranbrannbil, open brannstasjon og open politistasjon. På scenen vert det mellom anna moteoppvisning og konsert med elevar frå Kvam kulturskule.

Vestprod AS er på plass med lydanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

Oakes/Bews/Thorpe i Kinckløa

Fredag 6. september arrangerer Felemakarscenen konsert med OBT i løa på Kinckgarden i Strandebarm. Den skotske trioen består av gitaristen og fløytisten Tom Oakes og felespelarane Daniel Thorpe og Jon Bews. Trioen har turnert heile verda i år, og no kjem dei altså til Strandebarm.

Konserten startar kl 19:00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

Vestprod AS leverer lyd, lys og storskjerm til Lyngdal Bibelcamp

Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 01. -28. juli. Under campen er det møter, bibeltimar og konsertar. Medverkande er blant andre Divisi, Jarle Waldemar, Familien Sulebakk og Gutta.

Som dei to føregåande åra har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar for at IMF nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!

Vestprod AS leverer lyd, lys og kameraproduksjon til Sommarens Storsamling!

Helga 21.-23. juni arrangerer Indremisjonssamskipnaden Sommarens Storsamling i Stord idrettspark. Under samlinga vert det blant anna møter, årsmøte og konsertar.

Vestprod AS er på plass som leverandør av lyd, lys og kameraproduksjon for storskjerm. Fire mann skal vera i sving for oss; Vidar Sangolt, Vidar Stensletten Eik, Andreas Ølfarnes og Ole Markus Løkhammer.

Vesprod AS takkar Indremisjonssamskipnaden for oppdraget, og ser fram til ei spanande helg!

Vestprod AS leverer lyd og lys til Hardingtonar 2019!

I dag starta årets utgåve av musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Festivalen varar til og med sundag. Tradisjonen tru skal Vestprod AS levera lyd og lys til festivalen. Me ser fram til ei hektisk og spanande helg, der me skal levera tenester til heile elleve ulike arrangement under festivalen. Seks mann skal vera i sving for Vestprod AS under Hardingtonar; Vidar Sangolt, Gunnar Åsebø, Håvard Markhus, Asbjørn Sangolt, Vegard Voldsund og Vidar Stensletten Eik . På konsertane me er involverte i kan du oppleva blant andre Silya, Bergen Filharmoniske Orkester og Trygve Skaug.