«Den store romjulsdraumen» på Spotify og YouTube!

I 1997 arrangerte Gloria – som me heitte før me skifta namn til Vestprod AS – den første utgåva av konserten «Den store romjulsdraumen». Dette vart ein suksess, og i åra som fulgte kunne publikum oppleva ei rekkje utgåver av «Den store romjulsdraumen» i ulike konsertlokale.

I 2005 kom CD-en «Den store romjulsdraumen» og i 2008 oppfylgjaren «Den store romjulsdraumen 2». På konsertane og CD-ane framførte diverse kvamma-artistar sine versjonar av ulike julesongar.

No er CD-ane endeleg tilgjengelege på Spotify og YouTube! Søk opp «Den store romjulsdraumen» og du kan oppleva artistar som Frank Kjosås, Åsne Valland Nordli, Kvammakoret og Trionor!

Link til den første CD-en på Spotify finn du her:

Julekonsert

Laurdag 16. desember er det klart for julekonserten «Julefryd – Deilig er den himmel blå» med damekoret FRYD i Norheimsund kyrkje. I tillegg til koret medverkar Gullgutane, Gammen, musikarar og songarar frå Kvam kulturskule. Konserten startar kl. 19.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Julekonsert

Sundag 10. desember er det julekonsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor i Norheimsund kyrkje. Konserten startar kl. 19.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Ei juleforteljing

Fredag 01. og laurdag 02. desember er det klart for framsyningar av Kvam kulturskule si utgåve av Ei juleforteljing i Norheimsund idrettshall. Ei av verdas mest kjende juleforteljingar vert framført av skodespelarar, dansarar, songarar og musikarar. Det vert framsyningar fredag kl. 18.00 og laurdag kl. 15.00 og 18.00. Vestprod AS er på plass med lys- og lydanlegg.

Link23 i Øystese

Helga 03.-05. november er det klart for ungdomsarrangementet Link23 i Øystese bedehus. På programmet står blant anna møte, underhaldning og kafè. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarar. Les meir om arrangementet på www.bedehusweb.no.

Kvammaveko

Denne veka arrangerer frivilligheitssentralen Grannehjelpa, Mental Helse og Kvam herad Kvammaveko, som er eit årleg arrangement med fokus på psykisk helse. Vestprod AS er til stades med teknikar på to av arrangementa.

Tysdag er me til stades på minikonsert med Bjørnar Sangolt med påfylgjande livepod og «Samtale kring eit stovebord» med Sangolt, PisspreikPodden, Silje Børven og Sarifa Moola-Nernæs på Kvam ungdomsskule i Øystese kl. 19.00.

Fredag er me på plass under biletekonserten «Kom deg dit du er deg selv» med musikar Nancy Karine Sangolt og biletkunstnaren LinaLyng i Kabuso i Øystese kl. 20.00.

Torgdag i Norheimsund

Laurdag arrangerer Norheimsund FK årets utgåve av den tradisjonsrike torgdagen i Norheimsund. Det vert mellom anna torghandel, gatekafè og turar med Rib og veteranbrannbil. På scenen vert det musikalske innslag med to band frå Kvam kulturskule. Vestprod AS er på plass med lydanlegg.

Oppvekstkonferanse i Øystese

Leo Ajkic på scenen i Øystesehallen

Kvam herad arrangerer oppvekstkonferanse denne veka. Onsdag var det samling for tilsette, ungdomsrepresentantar og andre inviterte gjester på dagtid. Barne- og familieminister Kjersti Toppe opna samlinga. Om kvelden var det ope møte med blant andre Leo Ajkic. Begge arrangementa var i Øystesehallen, og Vestprod AS var på plass med lyd- og lysanlegg.

Vestprod AS leverer lyd, lys og storskjerm til Lyngdal Bibelcamp

Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 03.-30. juli. Under campen er det møte, bibeltimar og konsertar. Medverkande er blant andre Jarle Waldemar og Justified.

For sjuande gong har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar for at IMF nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!