Helga 13.-15. november er det klart for ungdomsarrangementet Link i Øystese bedehus. På programmet står blant anna møte, underhaldning og måltid. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg. Les meir om arrangementet på www.bedehusweb.no.

Vestprod AS arrangerer to utgåver av julekonserten Hardangerjul ’26 siste helga før jul. Det vert konsert i Strandebarm kyrkje fredag 18. desember kl. 19.00 og Øystese kyrkje sundag 20. desember kl. 19.00.
På konsertane får du høyra vokalistane Nancy Karine Sangolt, Anne Cathrine Eiken, Joakim Hellesøy, Tiril Maria Sleire og Kristina Sangolt. Med seg har dei eit band beståande av Vidar Sangolt (tangentar), Hallgeir Aase (trompet), Alvin Vestrheim (bass), Vegard Sangolt (trommer) og Gaute Ulltang (gitar). Julie Haaberg er konferansier.
Billettar kjøper du på ticketco.events/no

Me i Vestprod AS ynskjer alle ein god sommar!!
Norsk Luthersk Misjonssamband og Indremisjonsforbundet arrangerer ungdomsfestivalen UL26 i Lyngdal i perioden 21.-25. juli. Under arrangementet er det blant anna møte, konsertar og seminar. Vestprod AS er på plass med lydanlegg, lysanlegg og storskjerm på to av scenane under arrangementet.
Dette er første gong me leverer tenester til UL. Arrangementet startar to dagar etter at Lyngdal Bibelcamp – der me leverer tenester for tiande gong – vert avslutta same stad.

Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 29. juni-19. juli. Under campen er det møte, bibeltimar og samlingar. For tiande gong har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar IMF for at dei nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!
Helga 12.-14. juni er det klart for årets utgåve av musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Tradisjonen tru skal Vestprod AS levera lyd og lys til festivalen.
Me ser fram til ei hektisk og spanande helg, der me skal levera tenester til ni ulike arrangement under festivalen. På konsertane me er involverte i kan du oppleva blant andre Bergen Filharmoniske Orkester, Jan Eggum med band og trioen Hildegunn Riise, Lars Klevstrand og Håvard Gimse.
