«Fast som fjell – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon»

28.–31. mars reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné i Rogaland og Vestland. Turnèen har fått namnet «Fast som fjell – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon.» Koret skal ha konsertar i Etne, Vikebygd, Aksdal, Sandeid og Leirvik. Før avreise vert det konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 26. mars kl. 18.30. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nyare påskesongar.

Vestprod AS stiller med lyd og lysanlegg på heile turnèen.

Festhelg 26 i Norheimsund

21.-22. mars arrangerer Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon Festhelg 26 i Norheimsund idrettshall. På programmet står familiekonsert med blant andre Bjarte Leithaug, gospelkonsert med eit prosjektkor, gudsteneste og måltid. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg samt storskjerm.

Russerevy på Framnes

Helga 21.-22. mars er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag kl. 18.00 og sundag kl. 16.00, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert avvikla i Framnes Arena.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Alice i draumeland

Fredag 13. og laurdag 14. mars set Kvam kulturskule opp Alice i draumeland i Øystesehallen. Det vert framsyningar fredag kl. 17.30 og 20.30 og laurdag kl. 14.00. Skodespelarar, dansarar og musikarar frå Kvam kulturskule medverkar. Vestprod AS er på plass med lyd- og lysanlegg.