Ronja Røverdatter

Torsdag 29. og fredag 30. mai set Kvam kulturskule opp Ronja Røverdatter av Astrid Lindgren som uteframsyning ved Sjusete skisenter i Kvam. Det vert framsyningar kl. 18.30 og 22.00 begge dagar. Framsyninga er forma og vert framført av skodespelarar, solistar, dansarar, musikarar og tilsette ved Kvam Kulturskule.

Vestprod AS er på plass med lydanlegg.

Vestprod AS med lyd på 17. mai-feiringa i Norheimsund og Øystese

Det nærmar seg 17. mai, og tradisjonen tru skal Vestprod AS sørga for lyd på 17. mai-feiringa både i Norheimsund og Øystese.

I Norheimsund stiller Vestprod AS med lyd ved minnesmarkering på Straumhaugen, når toget stoppar ved Toloheimen og under folkefesten i Norheimsund idrettshall.

I Øystese skal me sørga for lyd når toget stoppar ved Mikkjelsflaten og kyrkja og under folkefesten i Øystesehallen.

Vestprod AS ynskjer alle ein god 17. mai!