Vestprod AS leverer lyd og lys til Hardingtonar 2024

Etter eit pauseår er Hardingtonar i Norheimsund tilbake. Årets utgåve av musikkfestivalen vert arrangert 07.-09. juni. Tradisjonen tru skal Vestprod AS levera lyd og lys til festivalen. 

Me ser fram til ei hektisk og spanande helg. Ti mann skal vera i arbeid for oss under festivalen, og me skal levera tenester til ni ulike arrangement. I tillegg skal me denne helga også stilla med lyd, lys og mannskap på Alice i eventyrland i Odda. Sjå eiga sak om det.

På konsertane me er involverte i under Hardingtonar kan du oppleva blant andre Bergen Filharmoniske Orkester, Bjørn Tomren, Naboen min og Knut Reiersrud/Iver Kleive.