Helga 13.-14. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. I år har revyen fått namnet «Kjærlighet ved andre blikk». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag 13. april kl. 18.00 og sundag 14. april kl. 15.30, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert avvikla i Framnes Arena.
Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.