Korps United og Sigrid Bonde Tusvik til Øystese

Laurdag 18. mars er det klart for konserten «Korpsglede for alle» i Øystese idrettshall. Konferansièr er komikar, skribent og programleiar Sigrid Bonde Tusvik. Ho kjem til Øystese saman med Korps United, som er kjent frå TV-serien med same namn. I tillegg medverkar Ålvik Musikklag, Øystese Musikklag, Norheimsund Musikklag og Tørvikbygd Musikklag.

Konserten startar kl 17.00. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.