«Drømmedassen»

Denne helga arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 06. januar er det framsyning og fest for alle tilsette og elevar med føresette kl. 19.00. Elevane skal først visa musikalen «Drømmedassen». Deretter er det lynlotteri, kiosk, dans og sosialt samvær.

Laurdag er det ei open framsyning av «Drømmedassen» kl. 14.30.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg.