Grunna koronasituasjonen har 2021 så langt vore svært roleg for Vestprod AS. No er det endeleg klart for eit større arrangement igjen! Det skjer når Indremisjonsforbundet (IMF) arrangerer Lyngdal Bibelcamp i perioden 5. juli -1. august. Under campen er det møte, bibeltimar og konsertar. Medverkande er blant andre Jarle Waldemar, Sulebakk og Gutta.
Som dei fire føregåande åra har IMF vald firmaet vårt som leverandør av lydanlegg, lysanlegg og storskjerm. Vestprod AS takkar for at IMF nok ein gong har gjeve oss årets lengstvarande oppdrag!