Tore Renberg i Norheimsund – AVLYST

Denne veka arrangerer frivilligheitssentralen Grannehjelpa Kvammaveko, som er eit årleg arrangement med fokus på psykisk helse. Som ein del av årets veke vitjar Tore Renberg Norheimsund med førestillinga «En kveld med Tore Renberg». Det vert to førestillingar i biblioteket i Norheimsund – ei torsdag 1. oktober kl. 19.00 og ei fredag 2. oktober kl. 13.00.

Renberg er ein av Noregs mest leste forfattarar. Han er også musikar, og kjem snart med sitt tredje soloalbum. Med seg til Norheimsund har han gitarist Alexander Flotve.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt.

NB. Arrangementet vart avlyst grunna sjukdom