Vestprod AS med lyd på 17. mai-feiringa i Norheimsund og Øystese

Det nærmar seg 17. mai, og tradisjonen tru skal me ha lyd på 17. mai-feiringa både i Norheimsund og Øystese.

I Norheimsund stiller Vestprod AS med lyd på haldeplassen før toget startar, når toget stoppar ved Toloheimen og under folkefesten i Norheimsund idrettshall. Teknikar er Vidar Sangolt.

I Øystese skal me sørga for lyd under minnestunda ved kyrkja, når toget stoppar ved Mikjelsflaten og under folkefesten i Øystesehallen. Teknikar er Vidar Stensletten Eik.

Vestprod AS ynskjer alle ein god 17. mai!