Russerevy på Framnes

Helga 06.-07. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund.  I år har revyen fått namnet «Not meant to be». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag 6. april kl. 19.00 og sundag 7. april kl. 16.30, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. Revyen vert  avvikla i Framnes Arena.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg, storskjerm og teknikarane Vidar Sangolt, Vidar Stensletten Eik og Andreas Ølfarnes.