Klart for Mosaikk!

Sundag 7. april er det klart for Mosaikk i amfisalen på Norheimsund skule. Framsyninga startar kl. 18.00. Kvam kulturskule er arrangør av Mosaikk, som er ei fargerik framsyning med born og unge frå ulike nasjonar. Inspirert av det norske eventyret Dei tre Bukkane Bruse har dei laga Dei tre søstrene Bruse. Måndag og tysdag er det skuleframsyningar same stad.

Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Stig Lundblad-Sandbakk.