«Naboen min» i Norheimsund

Torsdag 1. november held «Naboen min» konsertar for skular og barnehagar i Norheimsund idrettshall. Duoen består av Bjørnar Sangolt og Vegard Markhus. Bjørnar har spela med blant andre Trygve Skaug og St Morritz, medan Vegard har gjeve ut fleire bøker og motteke Nynorsk Barnelitteraturpris. Med seg til Norheimsund har dei musikarane Eirik Utne og Einar Olsson. Saman skal dei framføra musikk frå barneplata «Rockesock», som «Naboen min» nyleg gav ut.

Konsertane startar kl. 11.15 og 12.15, og Vestprod AS er på plass med lyd- og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Andreas Eide.