Vestprod AS leverer lyd og lys til Hardingtonar 2018!

I dag starta årets utgåve av musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Festivalen varar til og med sundag. Tradisjonen tru skal firmaet vårt levera lyd og lys, men det er første gong me gjer det som Vestprod AS. Me ser fram til ei hektisk og spanande helg, der me skal levera tenester til heile tretten ulike arrangement under festivalen. Sju mann skal vera i sving for Vestprod AS under Hardingtonar; Vidar Sangolt, Gunnar Åsebø, Håvard Markhus, Anders Heibø, Asbjørn Sangolt, Andreas Ølfarnes og Vidar Stensletten Eik . På konsertane me er involverte i kan du oppleva blant andre Vamp, Bergen Filharmoniske Orkester og Nordic Voices.