MosaikkFEST vart det første oppdraget til Vestprod AS etter at me endra namn frå Gloria AS. Kvam kulturskule er arrangør av MosaikkFEST, som er ei fargerik framsyning med born og unge frå Kvam og verda elles. I dag var det to skuleframsyningar samt ei open familieframsyning, som også var opninga av årets Hardingtonar. I morgon er det to nye skuleframsyningar.
Framsyningane er på Hardanger Fartøyvernsenter. Vestprod AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Vidar Stensletten Eik.